Renovasjon

Nordhordland og Gulen interkommunale renovasjonsselskap (NGIR) har ansvar for renovasjon i Radøy og dei andre nordhordlandskommunane. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå hushald og hytter i medlemskommunane, tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. I tillegg utfører selskapet slamtømming og tek imot bilvrak. 

NGIR har gjenvinningsstasjon mellom anna på Manger. her kan hushalds- og hyttekundar kan nytta gjenvinningsstasjonane til å levera avfall som mellom anna glas- og metallemballasje, metall, trevirke (både reint og trykkimpregnert), klede, isolerglas, møblar, hageavfall og elektrisk og elektronisk (EE) avfall. Grovavfall (større gjenstandar som ikkje går i dunkane) kan kan òg leverast. Dette gjeld og på vår- og haustryddinga for dei som har lang veg til næraste stasjon. I tillegg har kvar gjenvinningsstasjon mottak av farleg avfall.

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) er eigd av kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund.

For meir informasjon og opningstider, sjå NGIR sine nettsider.

Web levert av CustomPublish