Kommunepsykologtenesta for barn og unge

Kommunepsykologen tilbyr psykisk helsehjelp til barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar. Tilbodet er for born og unge i alderen 0-23 år. Psykologtenesta skal vere eit lågterskeltilbod med fokus på førebygging og meistring. Sakshandsaminga skal vere rask, og helsehjelpa vil ha eit korttidsperspektiv.

Kven kan få hjelp?

Dei som nyttar tilbodet må ha bustadsadresse i kommunen og vera i aldersgruppa 0 – 23 år.

Høgfrekvente plager som angst, depresjon og åtferdsvanskar vert prioriterte. Det vil og vere fokus på å gje psykisk helsehjelp til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar, t.d. ved reaksjonar på kriser eller belastningar.

Korleis vert hjelpa gitt?
Helsehjelpa vert gitt individuelt, i gruppe, eller som foreldrerettleiing. Samtalene vil hovudsakleg finne stad i kontorlokala til psykisk helse. Ved behov kan samtalane haldast ute på skulane.

Korleis få hjelp?
Dei som kan tilvise til kommunepsykologtenesta er fastlegane, helsesystrene, PPT og barnevernet.

Dersom barnet har behov for utgreiing av lærevanskar eller treng tilpassing i barnehage/skule, skal dette gjerast gjennom PPT.

Barn og unge som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP Nordhordland, eller Bjørgvin DPS Nordhordland dersom personen er fylt 18 år. Tilvising kan utarbeidast av fastlegen som kjenner til denne rutinen.

Meir informasjon?
Meir informasjon om kommunepsykologtenesta for born og unge i Radøy kommune.

 

Web levert av CustomPublish