Prisar for barnehageplass

Prisar barnehageplass
To dagar per veke kr 1164
Tre dagar per veke kr 1746
Fire dagar per veke kr 2328
Fem dagar per veke 2910

Matpengar kjem i tillegg.

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Frå 1. mai 2015 skal ingen familiar betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Den nasjonale ordninga for reduksjon i foreldrebetalinga er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Betalinga skal bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Sjølvmeldinga(ne) skal leggjast ved søknadane, og det blir som hovudregel søkt for eit år om gangen. Då vil husstandar med samla hustandsinntekt under kr 500 500 ha rett til redusert foreldrebetaling.

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og born med utsatt skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2017 gjeld dette for hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn 450 000 kroner per år.

Elektronisk søknadsskjema for redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid

Meir informasjon om foreldrebetaling

 

Web levert av CustomPublish