NAV Radøy

NAV Radøy har felles leiing av den statlege og den kommunale delen.

Her finn du informasjon om rettar og plikter knytt til sosiale tenester.

Tenestene omfattar mellom anna råd og rettleiing i sosiale og økonomiske spørsmål, økonomisk sosialhjelp, etablerings- og utbetringstilskot og hjelp til å finna mellombels husvære. I tillegg vil du her få informasjon om tenester til rusavhengige, og om mottak og etablering av flyktningar. I Radøy er det NAV Radøy som er ansvarleg for desse tenestene.

Du vil også finna informasjon om tenester som avlastning i private heimar, bustøtte og støttekontakt. Desse tenestene er det Barne- og familietenesta ansvarleg for.

Kontaktinformasjon for kvar teneste, finst under Kontakt oss til høgre på kvar side.

For tiltak retta mot familiar, born og unge, sjå under Familie og born.

Eininga NAV Radøy tilhøyrer sektor helse og omsorg. Einingsleiar er Svein Ove Skjoldal.

Web levert av CustomPublish