Legeteneste

INFLUENSAVAKSINE HAUST 2018

pris kr 150,-

Bilderesultat for influensavaksine

Kommunen har tilbod om influensavaksinering for personar i risikogruppene. Tilbodet gjeld innbyggjarar i Radøy kommune.

Oppmøte: Manger helsestasjon, Helsehuset, følgjande dagar:

- Onsdag 31. oktober kl 1200- 1700

- Fredag 02. november kl 0830- 1230

Følgjande grupper er definert som risikogrupper, og er anbefalt vaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Folk som bur i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Personar med regelmessig kontakt med levande gris
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte-/karsykdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett infeksjonsforsvar
    • overvekt (BMI over 40)
    • visse andre sjukdomar, etter konkret vurdering.

Meir informasjon om influensavaksine finn ein på www.fhi.no

Pneumokokkvaksine

Individ med visse former for immunsvikt vert tilrådd vaksine mot pneumokokkar («hissig lungeinfeksjon») kvart 5. -10. år. Slik vaksine kan settast etter tilråding frå lege. Helsetenesta har eit mindre lager av denne vaksinen. Pris kr 300.

07. september 2018 Les meir

Anbefalt timeavtalar for svangerskapsomsorgen

SVANGERSKAPSVEKE: KONTROLL HJÅ:
Før veke 8 Jordmor-Tidleg samtale i svangerskap om levevanar
8-12

Lege, her takast også blodprøve HbA1c (langtidssukker)

12-16 Utvidet blodprøver ved laboratoriet på legesenteret
16 Jordmor
17-19 Ultralyd KK
24 Jordmor
28 Lege
32 Jordmor
36 Jordmor
38 Lege
40 Jordmor
41 Trivselskontroll KK
07. september 2018 Les meir

Endringar i regelverket for transportninga for funksjonshemma i Hordaland (TT-kort)

Gjeldane frå 01.07.18

Alle søknader kommunane motteke f.o.m 01.07.18 skal vidaresendas til samferdselsavdelinga hjå Hordaland fylkeskommune.

28. mai 2018 Les meir

Ny chat tilbod for barn og ungdom

I regi av pårørandesenteret (PIO)

PIO-senteret (Pårørandesenteret) har nyleg opna ein chat for barn og ungdom: «Noen på hjertet?». Chatten er for personar opp til 25 år, som har utfordringar eller bekymringar rundt sjukdom hos nokon nær dei. På chatten kan man anonymt, enkelt og trygt snakke med unge voksne i PIO-senteret.

Chatten er open kvar tysdag og onsdag klokken 16-20.

Les meir om chatten her:  
http://piosenteret.no/chat

23. mai 2018 Les meir
Web levert av CustomPublish