Åsen på Øvre Tveiten_cropped_1020x335

Kulturminnevern

Radøy kommune er rik på kulturminne, frå dei eldste spora etter busetjing i Fosenstraumen til nyare tids kulturminne. Kommunen ynskjer å spela ei aktiv rolle innan kulturminnefeltet, både gjennom å rettleia eigarar og forvaltarar av kulturminne, utdeling av midlar frå kommunen sitt kulturminnefond og gjennom å bidra til formidling om kulturminna.

Kulturminneforvaltning 
Radøy kommune vedtok kulturminneplan for Radøy kommune 2017-2027 7. desember 2017. Planen er styrande for korleis Radøy kommune skal forvalta kulturminna i kommune. 

Ta kontakt med rådgjevar kultur Bente Kopperdal Hervik om de har planar om riving, endring eller restaurering av eldre bygningar.

Kulturverntenesta i Nordhordland

Kulturverntenesta i Nordhordland, som ligg under Museumssenteret i Salhus, gir råd og rettleiing om korleis ein kan ta vare på kulturminna me har kring oss og korleis me kan formidla kunnskapen om desse vidare til andre. Lag, organisasjonar og private i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy kan fritt bruka tenestene. Kulturverntenesta gjev råd og rettleiing innan:

  • Arkitektfaglege spørsmål om eldre bygningar
  • Dokumentasjon av bygningar, kulturmiljø, samlingar eller immateriell kultur.
  • Katalogisering, oppbevaring, eller formidling av samlingar
  • Finansiering av tiltak, søknadar
Web levert av CustomPublish