Kart på nett - Kartportal

Kartportal for Nordhordland er www.nordhordlandskart.no. 

Nordhordlandskart er kommunane sin måte å gje innbyggjarane dei ferskaste geodata dei kan få, noko gjennon Kartverket sine tenester og andre frå kommunane sine kartbasar. 

Kartportalen er for 10 kommunar i Nordhordland. Kartet inneheld oppdaterte data frå Statens kartverk og kommunane. I menyen til venstre kan du velja ulike karttypar, Norge i bilder (bilete tatt frå fly rett ovanfrå), sjøkart mm.

Kartet har ulike temakategoriar på venstre side, kartet i midten og resultatfelt til høgre. Denne knappen iknapp.png gjev tilgang til data på tema. Dra ei ramme rundt eit objekt og få resultatet til høgre. Eit døme, slå på Renovasjon og velg Glaskonteinar, dra ei ramme over symbola og sjå kvar du finn konteinarane i ditt nærområde. Eit temalag med skråfoto inneheld flyfoto, som om du tek bilete frå eit fly, av kysten i Nordhordland. Lag rektangel med knappen og få reultatet opp til høgre. Klikk på det vesle biletet for å sjå eit større.

Katergorien, siste nytt er der nye ting i kartet kjem. Sjå Ståle og Stine på tur, Løys desse oppgåvene og finn Ståle eller Stine med å Zooma deg inn på staden du trur dei er, når du er nær nok på rett stad vil du finna dei og I-knappen gjev meir informasjon om staden dei er på.

NGIR er renovasjonnselskapet som har den vestlegaste glaskonteinaren for resirkulering av glas i Noreg. Stine er og nær det vestlegaste punktet i Noreg, der du må ha båt for å nå fram.

Skibakken her er ikkje den lengste i verda, og det er heller ikkje skitrekket. Men dei 550 meterane med bakke får mykje skryt frå dei tilreisande. Krappe svingar tek Ståle frå fjorden og opp i fjellheimen, ei open fjellstove kan gje deg ly etter skituren.

Nødplakat.png Å kunna fortelja posisjonen til td. hytta når ulukka er ute er viktig, men kan vera vanskeleg. Hjelp deg sjølv med å ha ein nødplakat som kan hegjast opp slik at alle kan finna den, far kan og verta sjuk og borna må fortelja kvar luftambulansen skal koma. Zoom inn på hytta og bruk nødplakatknappen for å laga nødplakat. 

Snø eller regn sjekkar du med YR knappen, yr.png.  

Nordhordlandskartet inneheld mange nyttige funksjonar og temadata. Test ut. På kart tilpassa mobiltelefon er nettadressa nordhordland.avinet.no/mobile.

 

 

 

Web levert av CustomPublish