Kart og matrikkel

kart

Kart og matrikkel i Radøy kommune

Radøy kommune er lokal styresmakt for forvaltning av kart- og matrikkelinformasjon (eigedomsopplysningar).

17. desember 2013 Les meir
Utropstegn

Radøy kommune er uro over manglande innmelding av bygg som er unntatt søknadsplikt

Radøy kommune har kun mottatt ein melding om oppføring av bygning unntatt søknadsplikt, og er uro for at publikum ikkje er klar over meldeplikta.

14. mars 2016 Les meir
Utropstegn

Meldeplikt til kart- og matrikkelstyresmakt for byggverk oppført etter dei nye reglane om unntak frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova

1. juli 2015 tredde nye føresegner om søknadsplikt i plan- og bygningslova i kraft. Dei nye føresegna unnta einskilde mindre byggverk frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova, men matrikkellova er ikkje endra og byggverket skal framleis førast inn i offentlege kart og eigedomsregister. No er det du som byggjer som har ansvar for å melde i frå til matrikkelstyresmakta om byggverket.

24. juni 2015 Les meir
NN2000

Nytt høgdegrunnlag i Radøy frå 13. juli 2015

Noreg er i ferd med å innføra eit nytt høgdesystem, NN2000, det erstattar høgdesystemet frå 1954, NN1954.

Høgdesystemet er referansen som ligg til grunn når ein fortel kor mange meter over havet (moh.) noko ligg. Til dømes ein fjelltopp, eit vatn eller ein bygning.

Noreg hevar seg framleis etter istida og høgda endrar seg med opp til 5 millimeter i året. Med variasjon i ulike delar av landet. Difor vert nytt NN 2000 innført.

Høgdesystemet i bruk til no er NN1954. Det står for «normal null av 1954» og er eit 60 år gamalt system med sine feil og manglar. Nokre stader i landet er høgdane meir enn 30 centimeter for lave. Dette avdi NN1954 ikkje har vore korrigert for landhevinga dei siste 60 årene.

Radøy kommune innfører13.07.2015 det nye høgdesystemet NN2000.

24. juni 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish