Fysioterapi

NYHET frå januar 2018!

Nå har du direkte tilgang til fysioterapi

Korleis få tilgang til fysioterapitenesta:

Frå januar 2018, har pasientar direkte tilgang til fysikalsk behandling. Det vil seie at det ikkje lenger er nødvendig med henvisning frå lege for undersøking og behandling hjå fysioterapeut. Dette gjeld uansett om du går til kommunalt tilsett eller på eit privat institutt.   

 

Pris/Kostnad:

Diagnoselista for behandling hjå fysioterapeut vart fjerna frå januar 2017.

Born under 16 år har rett på gratis behandling. Det same gjeld personar som har fått godkjent yrkeskade. Alle andre må no betale ein eigenandel til dei er komen opp i frikort tak 2.

Eigenandel varierer og er avhengig av type behandling og kor lang tid behandlinga tar.

Når du er komen opp i frikort, får du dette automatisk tilsendt i posten frå Helfo.

 

Sjå:

https://fysio.no/pasientinfo

https://helsenorge.no/egenandeler-for-helsetjenester

 

Fysioterapeutane kan tilby:

  • Vurdering og behandling/trening
  • Førebygjande tiltak
  • Hjelp til søknad om tekniske hjelpemiddel
  • Hjelp til tilrettelegging i heimen

 

Kommunefysioterapeutane på helsehuset har følgjande gruppetilbod:

 

- BABYGRUPPE

Dette er eit tilbod til foreldre med speborn, og er eit samarbeid mellom fysioterapien og helsestasjonen. Alle foreldre får automatisk innkalling til babygruppe innan bornet sine første 6 månedar

- BALANSEGRUPPE:

Dette er eit tilbod for deg over 65 år som føler deg litt ustø når du står og går. Om du har hatt eit fall siste året, kan dette kanskje vera noko for deg.

- LUNGEGRUPPE:

Dette er ein treningsgruppe for deg som slit med kroniske lungeproblem.

 

Kontakt Radøy fysioterapi avd. Helsehuset for meir informasjon, TLF: 56349099

Leiar for fysioterapitenesta er Mona Netland Øftshus, einingsleiar er Bente Bø Taule.

Les meir

Frå 2017 slepp du å søkja frikort for helsetenester

Kontakt oss

Fysioterapitenesta
Radøyvegen 1621A
5936 MANGER
Tlf: 56 34 90 99

 

 

08. mai 2018 Les meir

NYTT FRÅ JANUAR 2017!

Sjukdomslista ved behandling hjå fysioterapeut er fjerna frå januar 2017.

Det vil sei at kun born under 16 år og personar som har godkjent yrkeskade, har rett på gratis behandling.   

Når det gjeld betaling avtalar du dette med fysioterapauten din. Betalingsautomat finn du i 2.etg på legekontoret.

05. januar 2017 Les meir

Fysioterapitenesta

Radøy kommune har 3 fysioterapeutar og ein turnuskandidat, pluss 2 private fysioterapiinstitutt som har avtale med kommunen.

Fysioterapautane driv helsefremjande og førebyggjande arbeid, i kombinasjon med behandling og re/habilitering av pasientar. individuelt eller i grupper.

Fysioterapautene i Radøy kan treffast følgjande stader:

Radøy fysioterapi:

Avd. Helsehuset på Manger

Alle Kvardager frå 0800-1500:

Kommunefysioterapeut Mona Netland Øftshus, Tlf: 56349099

Kommunefysioterapeut Kaja Hopland Reinkjøp, Tlf: 5634 9099 /47484053

 

Avd Velferdsenteret på Manger.

Alle kvardager frå kl 08.30 -14.45, utenom onsdag:

Kommunefysioterapeut Anne Marie Horpestad Stang tlf 56349198 /95036416

 

Private institutt i Radøy:

Bøvågen fysioterapi i Bøvågen Senter, fysioterapeut Øyvind Mellingen

Tlf: 56374399

 

Trim trening og terapi i Manger senter,

Her er med anna 2 Manuellterapeutar

www.trimtrening.no

 

For generell informasjon om fysioterapi og manuellterapi sjå:

www.fysio.no

28. november 2013 Les meir om fysioterapitenesta
Web levert av CustomPublish