Sæbø barnehage på tur til sjøen

Sæbø barnehage på tur til sjøen

Barnehageopptak

Ynskjer de barnehageplass i ein av barnehagane i Radøy kommune? Då må de senda inn elektronisk søknad. Frist for hovudopptaket er 1. mars.

Radøy kommune har samordna opptak til alle barnehagane. Det vil seia at de nytter eitt og same skjema uansett kva barnehage de ynsker plass i, og de kan setja opp ei prioritert liste over kva for barnehagar de helst ynskjer plass

Søknadsskjema for barnehageåret 2018/2019

Ynskjer du barnehageplass i dette barnehageåret, brukar du søknadsskjema for barnehageåret 2017/2018

Alle born med rett til plass som søkjer innan 1. mars får barnehageplass. Dei som har rett til plass er born fødd innan 30. november 2017. 

Søknader som kjem inn etter fristen eller søknader for born som ikkje har rett til plass, vert handsama etterkvart som plassar vert ledige. Hugs at du må senda ny søknad innan 1. mars dersom du står på venteliste. Dersom du har fast plass, treng du ikkje søkja på nytt!

Ein vil få svar på søknader til hovudopptaket i løpet av mars månad. Søknader som kjem elles i året, vert svara på fortløpande.

Les meir om barnehageopptak i tenesteomtalen.

Her finn du prisar for barnehageplass og matpengar.

For spørsmål om barnehagetilbodet eller -opptaket i Radøy kommune, kontakt kommunalsjef for oppvekst Olaf Hella tlf. 56 34 90 18 eller Rita Valdersnes Amundsen tlf. 56 34 90 66 eller den barnehagen du ynskjer plass.

Web levert av CustomPublish