Austebygd skule

Austebygd skule ligg på nord-austsida av øya Radøy. Skulen er firedelt, og har dei siste åra hatt eit stabilt elevtal på litt over 50 elevar. I nærmiljøet har me flotte naturområde og gjennom mange år har uteskule vore eit fast satsingsområde.


Austebygd barnehage er skulen sin næraste nabo - og skulen og barnehagen har felles administrasjon.

uteskule

Uteskule på Austebygd

På Austebygd skule har me uteskule kvar onsdag. Denne hausten har det svært ofte vore regnfulle dagar. Dagar der ein kvir seg litt for å gå ut, men når ein først har kome ut, har det vore heilt greit.

04. oktober 2018 Les meir

ME SPELAR PÅ LAG

Fredag 21.september inviterte 5. og 6. klassen alle på skulen, i barnehagen og foreldre til månadsamling i gymsalen. 

24. september 2018 Les meir
tur uteskule

Haustaktivietetar

Uteskulen gjekk til  Fjellet. Spikking er ein populær aktivitet, og elevane var flinke til å dela og samarbeida om utstyret.

24. september 2018 Les meir
rogngele

Rognebærgele

7.trinn har vore driftige dei første vekene av hausten. Dei har hausta rognebær, rekna og målt på oppskrifter, laga budsjett, planlagt innkjøp og til slutt laga rognebærgelè. Dei har planlagt sal av dette, og laga reklameplakatar. No er dei klare for handel, og håper sjølvsagt på eit lite overskot..

07. september 2018 Les meir
bogat

3. og 4.klasse på tur til BOGATUNET

Fin dag på Bogatunet, med «smaksprøvar» av både historie, mat – og leik.

Gode opplevingar saman!

04. september 2018 Les meir
Web levert av CustomPublish